Fest i Vest

Marknad på Fest i vest


Ansvarleg: Ingeborg Strand

Marknadsområdet blir også i år frå Skjepavikjo langs vegen mot Sagvåg kai og i området rundt kaien.Utstillarar må ha med seg alt utstyr sjølve, salgsbil/ partytelt - bord, stolar, hyller og skøyteledning til straum osv.
Marknadsområde vil vera open:
Fredag 28.juni: Opprigging for dei som ynskjer det (NB! Alle må vera klare til lørdag kl. 10. Etter
det blir det stengt for bilar på området)
Lørdag 29.juni: Kl. 10-17


Prisar:

I år blir det gratis å ha marknadsbod på Fest i Vest. 
Dei som ynskjer å vera med sender ein søknad til: Ingeborg.strand@sklbb.no 

Når ho har godkjent deg som utstillar får du ein bekreftelse tilsendt. 


Fest i Vest ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same
vareslag, og har rett til å sortera. Vær nøye med å opplyse om vareutval ved søknad om plass. Sal av
mat og drikke som konkurrerer med Fest i Vest sine mattelt er ikkje lov.
Ulike boder med lokalmat- oster – saft og sider og liknande er velkommen på marknaden.


Praktisk informasjon:
1. Marknadsområdet: langs vegen mellom Skjepavikjo og Sagvåg havn.
2. Det vil bli dag og nattvakter under festivalen, men du er sjølv ansvarleg for det du har i boden din.
Også for å sikre det ved vind og regn. Fest i Vest har ikkje ansvar for bod og innhald.
3. Du blir ikkje registrert før du har fått godkjenning frå Ingeborg. 
4. Påmeldinga er bindande og leiga for plassen vert ikkje refundert. Evt. framleige skal godkjennast av Fest i Vest komiteen.
5. Viss du treng straum så meld frå til Ingeborg, og skriv kva du skal ha straum til og kor
mykje straum du treng.(ta med skøyteledning)
6. Meld frå om ca. ankomsttidspunkt.
7. Det er reservert parkering for dei som har boder på parkeingsplassen øverst i Sagvågsbrekko,
nedside av vegen/venstre side.
8. Ved ankomst: meld deg til Ingeborg Strand og du vil få tildelt plass.
9. Du må sjølv ta med bord, evt. telt og det du treng.
10. Fest i Vest skal godkjenna fordelinga av bodplasser.
11. Kun produkt som er registrert kan seljast. Det kan ikkje seljast produkt som
konkurrerer med Fest i Vest sine matutsal som f.eks.: sveler/vaflar/hamburger/pølser/is/brus etc
12. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i
bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.
13. Rigging må vera gjort før opningtida og nedrigging etter stengetid. Dette for å unngå bilkøyring
inne på marknadsområdet (pga sikkerhet)
14. Avfall må takast med, evt kastas i tilviste kontainere.
15. Alle er ansvarlege for å unngå brannfarlege situasjonar og pliktar å retta seg etter brannvakter og andre vakter sine pålegg.
Velkommen til Fest i Vest - Sagvåg i vinden